Totalt antall sidevisninger

Totalt antall sidevisninger

onsdag 6. mai 2015

KANOTUR, UTSTYR OG KAMERATREDNING


Mandag 13.04 reiste me for å teste ut kanoane. Mange av oss hadde aldri padla i kano før, noko som gjorde at me måtte ta ekstra hensyn til risiko. Me steig ombord i kanoen på brygga på Helgheim, her var det djupt og me kunne leggje kanoen langsmed brygga. Me lyfta først bagasjen oppi, før me satt oss ein og ein nedi.

Når ein padlar i kano er det som sagt ein viss risiko. I elv og straum er det fort gjort å slå seg mot ein stein eller velte. Men også på flatt vatn kan ting skje. Dette var noko me merka veldig godt på turen vår. Då me starta var det mykje vind og kanoen var veldig ustabil. I tillegg var det svært få av oss som visste korleis me skulle reagere, noko som resulterte i litt "panikk" blant nokon. I tilfelle noko skulle skje er det derfor viktig å halde oss så nærme land som mogleg. Sidan me reiste ei stor gruppe på tur, var det ekstra viktig at me heldt oss samla, og i tillegg til å halde oss nær land avtalte me ulike stoppunkt undervegs
Det er også viktig å halde seg nær land for å unngå vind og bølgjer. På den andre sida kan navigeringa bli vanskelegare, og ein blir meir avhengig av kompasset.


Når ein ferdast på vatnet er det spesielt viktig at alle har på seg redningsvest/flytevest! Når ein er på vatnet kan det fort skje ulykker som kan føre til både drukning og nedkjøling. I tillegg når ein er på tur med ei stor gruppe er det viktig at ein held seg samla, og at kvar kano har ein kameratbåt, i tilfelle ein skulle vere uheldig å velte. Kameratkanoane må heile tida halde seg nærme kvarandre, slik at ein lett kan kome til å hjelpe. På denne turen var eg og Rebekka kameratkano med Synnøve og Ingvild. Heldigvis slapp me å bli blaute denne gongen, men det er absolutt viktig å vite kva du skal gjere, viss det skulle skje noko.

Tysdag 05.05 øvde derfor eg, Rebekka og Ingvild på kameratredning i symjehallen, noko som var veldig nyttig. Den eine velta i kanoen, medan dei to andre skulle hjelpe til å få snudd kanoen. Det første ein må gjere er å tømme kanoen for vatn. Den som hadde velta la seg på bakenden av den velta kanoen slik at dei to andre kunne legge kanoen på tvers av kameratkanoen. Så snudde me kanoen og la den langsmed den andre kanoen. Alle fekk prøve alle oppgåver, og det heile gjekk overraskande bra. Me prøvde jo dette i bassenget, og det vil jo kome fleire utfordringar, som straumar og vind når me padlar i vatnet. Men no er me vertfall forberedt på kva me skal gjere, om noko oppstår.


Skulle ein eventuell velt skje er det viktig at utstyr som ikkje tåler vatn, pakkast 100% vasstett, og at det ikkje ligg lause ting i kanoen. Når ein skal kle seg er det lurt å ha på seg ullklede. I tilfelle ein skulle vere uheldig å velte, reduserar ullkleda varmetapet og held det kalde vatnet ute. Det er óg lurt å ha med seg eit ekstra klesskift.


Kjelder:
- Friluftsliv, Ivar Mytting og Annette Bischoff
- http://www.midt-agderfriluft.no/attach?page=Filer%2FMAF+-+Kano+Temahefte.pdf
- Bilder, google


onsdag 25. mars 2015

SNØHOLETUR 16. - 17. MARS


Mandag 16 mars kunne me endeleg byrje på den mykje diskuterte snøholeturen. Med svært tunge sekkar og mange forventingar gjekk me mot Rysete for å finne oss ein passande skavel. Me prøvde ut litt forskjellige skavlar før me bestemde oss. Det som er viktig når me skal velje ein passande skavel er at snøen må vere både djup nok og fast nok. For å finne ut dette testa me snødekket med ei skredsøkjestong. Me trefte ikkje på noko is med stonga, så me fann ut at snøen vertfall var djup nok. I tillegg er det viktig at henget ikkje er brattare enn 30 grader og høgda bør ikkje vere over 5-6 meter, dette er på grunn av skredfare.
Etter å ha testa både snødekket og sjekka kor høg skavelen var byrja me med gravinga. Dette var nytt for dei fleste, så me brukte litt tid på å kome i gang og for å få eit bilde av korleis det skulle bli.

Me var fire personar på gruppa mi, (meg, Stine, Rebekka og Kjersti)Stine og Rebekka byrja å grave ut brisken, medan eg og Kjersti byrja på inngangen. Det var viktig at det skulle vere ståhøgde i inngangen slik at det blei lettare å grave. På grunn av veldig tung og hard snø, tok det litt tid å få gravd ein skikkeleg inngang. Brisken skulle tettast igjen mot slutten, så i staden for å hive snøen ut, brukte me han til å fylle opp inngangspartiet med. Me gravde oss innover heilt til dei to "holene" møttes kvarandre. Brisken skulle då vere så høg at den nådde opp til ca. hofteparti når me stod i inngangen.
Når dei to inngangane hadde møttst byrja me å grave ut soveplassen. Dette viste seg å vere lettare sagt enn gjort. Me sleit mykje med hard snø i inngangen, og det gjorde me også då me skulle grave ut soveplassen. Det blei mykje hakking i stadenfor graving, noko som resulterte i fire stk oppgitte jenter som på fleire tidspunkt sleit med å sjå enden i tunellen. Men med litt motivasjonssnakk frå Torgeir og Kristina fortsette me gravinga/hakkinga og det gikk sakte men sikkert framover. Medan me gravde ut soveplassen var det viktig at veggane skulle skråast i ein boge for så å gå over i taket, slik at det blei dobbeltkrumma og kuppelform. Grunnen til dette er for å unngå drypping og at taket skal synke.

Då me endeleg var ferdige med snøhola, og me hadde testa ut at det var plass til alle fire, byrja eg og Rebekka å lage snøblokker. Me brukte sag og spade for å få ut blokker me skulle ha framfor inngangen. Blokkene skulle plasserast slik at opninga kom under nivået til brisken, og fungerte som ein varmluftlås. Me brukte eit par ski som ein slags berebjelke for den underste blokka.


Soveplassen i snøhola vår!

Etter heile 8 timar med graving kunne me sei oss ferdige med snøhola, og me rigga oss til med liggjeunderlag og soveposar før me byrja på middagen.
Før me skulle leggje oss tok me med oss eit par spadar inn i hola, i tilfelle inngangen skulle blese att. Sjølv om me låg trangt, sov eg veldig godt og eg fraus ikkje eit sekund.
På grunn av den hardpakka snøen og ein god konstruksjon av hola, slapp me både drypping frå taket og at taket sank.
Dette  var første gong eg sov i snøhole, og eg hadde ei veldig god oppleving. Var veldig tungt å grave, men då snøhola stod ferdig var det verdt alt slitet. Sidan ingen av oss på gruppa hadde laga snøhole, var det veldig spennande og lærerikt å gjennomføre den prosessen. Viss det var noko eg ville gjot annleis må det vere å forberede meg litt betre på korleis snøhola skulle lagast i forkant. Sjølv om me hadde fått litt instruksar på skulen, merka eg at eg visste svært lite om korleis eg skulle gå fram, spesielt i byrjinga.
Alt i alt synes eg det var ein veldig kjekk tur, eg lærde mykje nytt, og det frista absolutt til gjentaking.


tirsdag 24. februar 2015

SKITUR 23.02

Mandag 23.02 var det klart for ny skitur. Denne gongen gjekk turen til Kaupanger. Planlegginga av turen gjorde me på skulen før me reiste. Planen var å gå frå Goro via Ospesete til Pikkhaug. Men på grunn av dårleg tid, kom me oss ikkje til Pikkhaug. På veg til Ospesete hadde me to vegval, enten å følgje ein traktorveg eller å gå gjennom skogen. Valet fall på traktorvegen sidan skogen sikkert kunne blitt litt utfordrande. Då me kom til Ospesete var målet å navigere seg inn på vegen eller kraftlinja som seinare møttes i eit kryss. Kompasskursen frå Ospesete viste rett nord, og me kom oss inn på vegenm, som seinare førte oss til kraftlinja. Då me kom til kraftlinja følgde me denne opp til "knekket" på kraftlinja. Her var planen å gå vidare mot Pikkhaug, men sidan me ikkje rakk dette, tok me heller nokre navigeringsøvingar, før me køyrde nedatt. I staden for å køyre via Ospesete, følgde me kraftlinja nedatt til traktorvegen som gjekk til Goro.
Kraftlinja var eit godt haldepunkt me brukte når me skulle navigere. Det var tydeleg å sjå både på kartet og i røynda.

Me hadde også ein kriseplan, som var å snu. Me hadde ein bil ståande ved Goro, i tilfelle noko skulle oppstå.

Ruta me gjekk. 

Målet for turen var å ikkje bli sveitt og kald, men å gå i eit jamnt tempo. Eg vil sei me klarde dette delvis. Nokre plassar gjekk me litt fort, og dei fleste fekk løyst sveitten på turen. Men me heldt oss samla og eg fekk vertfall ein god turopplevelse. Eg merka spesielt at det var mykje lettare å navigere i vinterfjellet denne gongen. Både kart og kompass var noko eg følte eg meistra godt på denne turen. Likte spesielt dei navigasjonsøvelsane me hadde på "toppen", dei gjorde at me gekk øvd enda meir på navigering og blei enda tryggare på det.                                                                                                                                                                      Også denne gongen hadde eg nok klede med meg, noko som gjorde at eg ikkje frøys. Veret var også mykje betre, noko som gjorde turopplevingen litt kjekkare.                                                                                                                                          Alt i alt ein veldig fin og lærerik tur. Kjekt å gå litt andre plassar enn i Hodlekve, då får me testa ut litt ukjendt terreng, noko som var spennande. No gledar eg meg til snøholetur om ikkje lenge :) 


Ustikt frå Ospesete


tirsdag 17. februar 2015

SKITUR 10.02


Tysdag 10.02 var det klart for den første skituren med klassen. Klokka 12 reiste me frå skulen og 12.45 var alle klare med ski på beina. Målet for turen var å teste utstyret vårt og å lære meir om korleis me skal bevege oss i vinterfjellet. Eg merka spesielt godt at det var stor forskjell og vanskelegare å lese kart i vinterfjellet, enn kva det er til vanleg. Men det gjorde at eg lærte veldig mykje om dette, på denne turen. Me gjorde eit godt forarbeid dagen før, der me lagde ein plan A, plan B og ein kriseplan. 
Plan A var å gå mot Reipa og å følge Skavassgrovi oppover mot Skavasshaugane, for så å returnere same veg. Plan B var å gå mot Reipa, følge stien opp mot Rysete og eventuelt opp mot Skavasshaugane. Me følgde ikkje Plan A heilt. I staden for å ta av ved Reipa, tok me av lenger opp mot Rysete og gjekk derifrå opp mot Skavasshaugane. Grunnen til dette var blant anna at me såg ein skavl og ville ta teorien me hadde hatt veka før ut i praksis.

Ruta me gjekk. 

Det å finne gode haldepunkt er viktig for å kunne navigere i vinterfjellet. Nokre av haldepunkta me brukte på denne turen var hyttene i Stedjekammen, Kambagrovi og bekken som «renn» forbi skiløypa. Eg og Rikke skulle «guide» klassen frå «Rødekorskassen» og opp mot Rysete. Me var ganske usikre på kor me skulle ta av, men me tok nokre ekstra høgdemeter i løypa før me tok av og følgde ryggen opp mot Skavasshaugane. Her fekk me ein liten påminning om skredfarar og terrengfeller. Me såg blant anna ein skavl, og såg på korleis denne hadde blitt danna (T.d.: vindretning) I tillegg såg me litt på skredfarer og korleis dette kan oppstå. Er det brattare enn 30 grader og henget er høgare enn 5 hm er det viktig å halde seg 3 gonger så langt vekke som henget er over 30 grader. Eg merka at det var ekstra viktig å tenkje på dette når me var så mange i lag og veret ikkje var spesielt bra. Då er det fort at me berre vil kome oss fortast mogleg fram, utan å tenkje over dei farane som faktisk kan oppstå.

I følgje Mytting og Bischoff (Friluftsliv, 2008)  må du vere så langt vekke for å vere sikker på at skredet ikkje kan nå deg. 

Me fortsette turen vidare til Skavasshaugane, men på grunn av dårleg utstyr måtte Kristina snu med Vegard, og Torgeir måtte skru opp tempoet i front for at me skulle rekke nedatt til bussen. Me var ikkje heilt oppe på Skavasshaugane, men tok av mot aust og runda nedatt ved Skavassgrovi. Sjølvom det blei ein del knall og fall på vegen nedatt heldt me oss samla, og alle kom like heile nedatt til bussen 14.45! Ein tur med mykje lærdom og fine turopplevelsar. Noko positivt eg skal ta med meg til neste skitur er å ha med seg ekstraklede, spesielt vottar. Eg blei fort våt og kald på hendene, då var det godt å ha ekstra vottar i sekken. Då me såg på vêrmeldinga dagen før, melde det sol m/sky og lett bris. Dette var ikkje det som møtte oss, og viser derfor kor viktig det er å ha med seg nok med klede, uansett kva vêrmeldinga melder.

Gledar meg til neste tur, då eg kan enda meir om korleis eg skal bevege meg og lese kart i vinterfjellet!






torsdag 8. januar 2015

FORNUFTIG MAT PÅ TUR

Når ein er på tur er det viktig å ha med seg nok tilførsel av "drivstoff". Dess meir aktivitet og muskelarbeid me driv med, dess meir energi treng me. I tillegg er det viktig med nok væske når ein skal vere i aktivitet, spesielt over lengre tid. Når ein er i aktivitet over lengre tid, for eksempel på ein turdag der aktivitetsnivået er ganske så høgt, blir glykogenlagra etterkvart tømde. Då blir me slappare, trøyttare, får problem med koordinasjonen osv.
Når me er på tur er det viktig å ete karbohydrat som blir sakte omsett, slik at glykogenlagra blir skikkeleg oppfylte igjen. Det største måltidet bør og kome på kvelden, på lik linje med den proteinrike maten. Grunnen til dette er at søvnen og restitusjonsfasen sikrar betre opptak og utnytting av proteina i kosten (ost, kjøt fisk osv.)
Om vinteren er ein ofte på tur i kalde omgivnader, og varm mat er då viktig for å halde varmen og for å få ein bra turoppleving. Dette var noko eg sjølv merka godt då me var på telttur til Nuken seint i haust. Klarar ein å halde varmen gjennom aktivitet, eit bål eller ein kopp med varm kakao blir turopplevinga mykje betre og kjekkare.

På tur er det viktig at det meste er praktisk, dette gjeld óg maten. Men maten er sjølvsagt avhengig av kva type tur me skal på, lengda på turen og kva årstid det er. Er det varmt ute er det viktig å tenkje på at maten må halde seg, medan er det kaldt må me tenkje på at maten frys.
I dag finns det eit stort utval av turmatprodukt me kan få kjøpt på butikken. Sjølvom dette ofte er veldig enkelt og praktisk, er det ikkje alltid det beste alternativet. Me kan for eksempel tørke mat sjøl. Dei fleste kjøt, grønnsaker, sopp, urter, frukt og bær eignar seg til dette.
Når det gjeld turmat, er årstid ein viktig faktor. Maten me skal ha med oss på turar i vinterfjellet skal oppfylle fleire krav: han må gi varme, ikkje fryse, vere lett, fylle lite og gi mykje energi.

Som sagt så er turmaten avhengig av kva type tur me skal på, og skal ein på overnattingsturar må ein planleggje mat til både frukost, lunsj, middag og kvelds avhengig av kor mange dagar turen er på. Til frukost kan havregraut eller frukostblanding vere eit godt alternativ. Til dette er det godt å ha noko varmt å drikke.

Oppskrift havregryn (8 pers) 

  • 4 store koppar havregryn 
  • 8 store koppar vatn (litt salt)
  • kok opp havregryn og vatn og la det koke i 2-4 min. 
  • smak til grauten med litt salt 
  • Variasjon: tørka frukt, nøtter, solsikkekjerner, smør, sukker osv. 

Til lunsj kan du til korte turar på våren, sommaren og hausten ha med deg vanleg brødmat. Medan på seinhausten og vinteren må du ha med deg noko som ikkje frys. "Rett-i-koppen-posar" kombinert med knekkebrød kan vere eit godt alternativ her.

Middagaen er det viktigaste måltidet, og her er det viktig å ha med seg varm mat. Det er óg viktig at det er nok vomfyll, som ris, pasta, makaroni eller potetmos. Det er i tillegg vanskeleg å få i seg nok med væske, så middagen bør innehalde rikeleg med væske.

Bål kan vere både ein sosial og smart ting å lage når ein er på tur. Elden gir lys, varme og kan i tillegg brukast til matlaging. Du kan grille pølser, ostesmørbrød eller pinnebrød. Det einaste du treng er ein pinne eller eit grillspyd. Skal du for eksempel lage middag på bålet (kjøt eller fisk) kan det vere lurt å lage ei grillrist. Glørne i bålet kan brukast til å bake poteter, fisk, banan osv. På bålet kan du óg steikje på helle. Hella fungerer som ei steikjepanne, og du kan steikje alt frå egg til pizza og flatbrød.




I dag er stormkjøkken noko mange har med seg, Dette er eit godt alternativ når du skal lage varm mat på tur. Pannekaker for eksempel er enkel turmat som krev lite utstyr i sekken. Det kan nyttast til både frukost, lunsj, middag eller kvelds. Ein lagar pannekakerøra før ein reiser og heller ho oppi ei flaske. Det einaste ein treng å ha med er litt smør til steiking, steikespade og eventuelt noko tilbehør (syltetøy, bacon osv). Det einaste negative med å ha med seg pannekakerøre er at ho er tung, og det blir tyngre å bære. Dette var vertfall noko eg sjølv merka når me hadde med oss pannekakerøre på turen vår til Fjærlandssete.

Oppskrift pannekaker (stormkjøkken)
  • 6 egg 
  • 5 dl mjøl
  • 1 ts salt 
  • 7 dl mjølk
  • 50 g smelta smør
  • (sukker) 
































mandag 5. januar 2015

BÅL 05.01.15

Mandag reiste me ut bak skulen for å brenne bål. Me blei delt inn i fire grupper der alle skulle lage eit bål. Gruppa mi (Anja, Oda & Jonas) kom fort i gang og hadde eit bra samarbeid. Me byrja me å grave eit "hol" i snøen, men på grunn av hard breggrunn fekk me ikkje tatt av noke torv me kunne brukt til å dekkkje bålet med. Eg har ikkje vore med å laga bål på nokon av dei forrige turane våre, så det var veldig lærerikt. Først la me nokre runde vedkubbar nederst, før me bygde på oppover. Me avslutta med å lage eit slags "hus" der me la torv inni. Bålet var stabilt og hadde eit veldig godt grunnlag. Bålet vårt brann godt, og eg og Anja hadde begge ostesmørbrød som me grilla på bålet. Skiva mi blei litt brent, men hadde eg venta til flammane hadde blitt litt mindre hadde det sikkert blitt betre. Det er noko eg skal hugse til neste gong. For meg som ikkje har vore med å laga bål før, var dette veldig lærerikt. Eg lærde korleis ein skal byggje opp eit bål, og korleis vedkubbar om eigna seg best. Noko som og var veldig smart var det lille "huset" med torv på toppen av bålet.  Då all veden hadde brent opp sløkte me bålet med snø, og prøvde å dekkje det så godt som mogleg.
Alt i alt to veldig lærerike timar!




Grilla ostesmørbrød :)