Mandag reiste me ut bak skulen for å brenne bål. Me blei delt inn i fire grupper der alle skulle lage eit bål. Gruppa mi (Anja, Oda & Jonas) kom fort i gang og hadde eit bra samarbeid. Me byrja me å grave eit "hol" i snøen, men på grunn av hard breggrunn fekk me ikkje tatt av noke torv me kunne brukt til å dekkkje bålet med. Eg har ikkje vore med å laga bål på nokon av dei forrige turane våre, så det var veldig lærerikt. Først la me nokre runde vedkubbar nederst, før me bygde på oppover. Me avslutta med å lage eit slags "hus" der me la torv inni. Bålet var stabilt og hadde eit veldig godt grunnlag. Bålet vårt brann godt, og eg og Anja hadde begge ostesmørbrød som me grilla på bålet. Skiva mi blei litt brent, men hadde eg venta til flammane hadde blitt litt mindre hadde det sikkert blitt betre. Det er noko eg skal hugse til neste gong. For meg som ikkje har vore med å laga bål før, var dette veldig lærerikt. Eg lærde korleis ein skal byggje opp eit bål, og korleis vedkubbar om eigna seg best. Noko som og var veldig smart var det lille "huset" med torv på toppen av bålet. Då all veden hadde brent opp sløkte me bålet med snø, og prøvde å dekkje det så godt som mogleg.
Alt i alt to veldig lærerike timar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar