Totalt antall sidevisninger

Totalt antall sidevisninger

onsdag 22. oktober 2014

TUR TIL HALSAVATNET & NUKEN

Turoppsummering
Torsdag 16.10 klokka 16 møttes me uttafor skulen og fordelte felles utstyr, før me tok felles transport til Åsen, der me skulle gå ifrå. Klokka 17 byrjå me å gå mot Halsavatnet. Gruppa mi (Victoria, Stine, Sander og meg) skulle leie resten av klassen til Halsavatnet der me skulle finne leirplass. Me holdt eit jamnt tempo heile vegen, men me måtte plukke med oss ved på vegen til bålet me skulle lage på kvelden. Når me kom fram til Halsavatnet fann me ut at me ville finne leirplass litt lenger vest for vatnet, på grunn av mykje myrområde og vind ved vatnet. Me enda derfor opp sør vest for Halsavatnet, bak nokre kollar. Dette var ein veldig gunstig leirplass i forhold til vind og i tillegg var det ikkje så langt å gå ned til vatnet.
Me kjappa oss med å få opp teltet, slik at me kunne byrje på matlaginga før det blei mørkt. Alle på gruppa hadde med seg litt mat kvar, så lagde me kylling fajitas til middag. Litt seinare på kvelden satt me oss rundt bålet som ei anna gruppe hadde laga. Når me var ferdige med middagen var det ei anna gruppe som hadde laga bål (pagode bål). Det var ganske kaldt så det var godt å ha eit bål å varme seg rundt. Høgdepunktet denne kvelden var definitivt dei spennande spøkelseshistoriane...!
Rundt 22.30 gjekk me å la oss. Eg fraus veldig denne natta, så det var godt å kunne stå opp å bevege seg litt dagen etterpå. 
Litt over 9 byrja me på frukosten, omelett og bacon. Mens eg sat å steikte omelett, byrja dei andre på gruppa å ta ned teltet. Når klokka nerma seg 10, var dei fleste i klassen klare til å gå. 10. 30 kunne ein kald gjeng endeleg begynne på heimreisa igjen. Klassen tok ei avgjering i å ikkje stoppe på Nuken, men å ta lunsjen på Hylsete, sida me nettopp hadde ete frukost og det var mykje vind og kaldt på toppen. 
Gruppa som skulle leie oss ned til Hylsete fann ein veldig fin sti som me kunne følgje heile vegen, på den måten kom me oss kjapt ned til Hylsete. Der hadde me ein lunsjpause i ca. 30 min før me gjekk strake vegen ned på Kvåle, der me hang opp telta og vaska stormkjøkkena. Nok ein gong var ein vellykka tur gjennomført, og eg sit att med mange fine turopplevingar og erfaringar.

Turruta vår: Åsen - Halsavatnet - Nuken - Hyllsete - Åberge - Kvåle
Dag 1: ca. 2km
Dag 2: ca. 7 km 
Turplanlegginga - plan A
TORSDAG
1600 -Oppmøte
1700 -Gå frå Åsen
1800 -Framme
1900 -Leir klar, middag i gang 
FREDAG
0900 -Stå opp
1030 -Avreise
1115 -Nuken, mat
1200 -Avreise Nuken
1330 -Skulen
1400 -Utstyr klar, god helg!


Dette tidsskjemaet var noko me klarde å halde veldig bra på denne turen. Alle var klare når dei skulle, og me gjekk heile tiden i eit jamt tempo som holdt gruppa samla heile vegen. Eg trur grunnen til at me klarde å halde tidsskjemaet så bra denne gongen, var at me har blitt mykje flinkare til å bruke kart og kompass. Eg merka vertfall sjølv at eg brukte kartet mykje meir aktivt denne gongen, enn sist gong. Det er kjekt å kunne delta i beslutningar om kvar me skal gå, leirplass osv. 
På slike turar er det viktig at me har ein PLAN B og ein kriseplan. 
Plan B var at me hadde bil på Åsen som kunne nyttast, i tilfelle nokon blei skada. 
Kriseplanen vår var å ringje nødnummer eller eventuelt bruke plan B om nødvendig. Heldigvis fekk me kun bruk for PLAN A! 

Mål for turen og kva har eg lært?
Målet for denne turen var å lære å tenne opp eit bål, pakke ned leiren meir effektivt enn forrige gong og å læra meir om å vera på tur i haustfjellet. Noko me spesielt klarde veldig bra denne gangen var det å pakke ned leiren meir effektivt enn forrige gong. Denne gongen var me ferdige heile 30 min. før me skulle. Eg har også lært mykje om det å vere på tur i haustfjellet, noko som kan vere ein utfording med tanke på vër osv. Det var ganske kaldt desse dagane, så det var derfor viktig å ta ansvar sjølv for å halde seg varm. I tillegg har eg lært at det ikkje er lurt å kle på seg lag på lag med klede, for då blir det ikkje noko luft mellom laga og du blir lettare kald.

Kva var bra?
Det var veldig mykje positivt å ta med seg frå denne turen. Sjølvom det var ganske kaldt, syns eg alle var flinke til å gjere det beste ut av det. Torsdagskvelden koste me oss heile gruppa rundt bålet, noko som var veldig sosialt og triveleg. Eg likte spesielt at me var ei meir samla gruppe som var på tur no. Heile klassen var veldig flinke til og halde tidsskjemaet me hadde laga på førehand.
Kart og kompass syns eg sjølv eg meistra betre denne gongen enn forrige gong, noko som er veldig kjekt.

Kva kan bli betre?
Sjølvom det var veldig mykje positivt på denne turen er det alltid noko som kan bli betre. Gruppa mi for eksempel var litt dårlege til å rydde opp etter middagen. Då me skulle leggje oss stod det fortsatt igjen litt ting uttafor teltet som me burde ha pakka saman eller lagt i ytterteltet vårt. Dette er veldig viktig med tanke på at det kan kome dyr eller at det kan blåse vekk.
Noko anna eg gjerne ville vore ein del av på denne turen, er bålbrenninga. Det hadde vore kjekt å lært korleis ein laga eit bål i haustfjellet, så det er noko eg ville gjort annleis.
I tillegg ville eg ha kledd meg litt annleis når eg gjekk å la meg. Eg fraus ganske masse denne natta, så neste gang vil eg vertfall ha nokon tjukkare sokkar for å hindre å bli kald.
Til neste gang vil eg òg ha med meg eige kart og kompass.

Sanna tykte det var litt kaldt…
… men med bålkos på kvelden fekk me fort varmen !

Ankomst Halsavatnet, torsdag.


Teltet vårt, med fantastisk solnedgang i bakgrunnen.


Flotte naturopplevingar og ikkje minst minner!

Gonatt frå gruppe 1! 



God og vellykka frukost fredags morgon. 


Ein fin gjeng på Nuken, etter ein fantastisk, men kald telttur! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar