Mandag 16 mars kunne me endeleg byrje på den mykje diskuterte snøholeturen. Med svært tunge sekkar og mange forventingar gjekk me mot Rysete for å finne oss ein passande skavel. Me prøvde ut litt forskjellige skavlar før me bestemde oss. Det som er viktig når me skal velje ein passande skavel er at snøen må vere både djup nok og fast nok. For å finne ut dette testa me snødekket med ei skredsøkjestong. Me trefte ikkje på noko is med stonga, så me fann ut at snøen vertfall var djup nok. I tillegg er det viktig at henget ikkje er brattare enn 30 grader og høgda bør ikkje vere over 5-6 meter, dette er på grunn av skredfare.
Etter å ha testa både snødekket og sjekka kor høg skavelen var byrja me med gravinga. Dette var nytt for dei fleste, så me brukte litt tid på å kome i gang og for å få eit bilde av korleis det skulle bli.
Me var fire personar på gruppa mi, (meg, Stine, Rebekka og Kjersti)Stine og Rebekka byrja å grave ut brisken, medan eg og Kjersti byrja på inngangen. Det var viktig at det skulle vere ståhøgde i inngangen slik at det blei lettare å grave. På grunn av veldig tung og hard snø, tok det litt tid å få gravd ein skikkeleg inngang. Brisken skulle tettast igjen mot slutten, så i staden for å hive snøen ut, brukte me han til å fylle opp inngangspartiet med. Me gravde oss innover heilt til dei to "holene" møttes kvarandre. Brisken skulle då vere så høg at den nådde opp til ca. hofteparti når me stod i inngangen.
Når dei to inngangane hadde møttst byrja me å grave ut soveplassen. Dette viste seg å vere lettare sagt enn gjort. Me sleit mykje med hard snø i inngangen, og det gjorde me også då me skulle grave ut soveplassen. Det blei mykje hakking i stadenfor graving, noko som resulterte i fire stk oppgitte jenter som på fleire tidspunkt sleit med å sjå enden i tunellen. Men med litt motivasjonssnakk frå Torgeir og Kristina fortsette me gravinga/hakkinga og det gikk sakte men sikkert framover. Medan me gravde ut soveplassen var det viktig at veggane skulle skråast i ein boge for så å gå over i taket, slik at det blei dobbeltkrumma og kuppelform. Grunnen til dette er for å unngå drypping og at taket skal synke.
Då me endeleg var ferdige med snøhola, og me hadde testa ut at det var plass til alle fire, byrja eg og Rebekka å lage snøblokker. Me brukte sag og spade for å få ut blokker me skulle ha framfor inngangen. Blokkene skulle plasserast slik at opninga kom under nivået til brisken, og fungerte som ein varmluftlås. Me brukte eit par ski som ein slags berebjelke for den underste blokka.
![]() |
Soveplassen i snøhola vår! |
Etter heile 8 timar med graving kunne me sei oss ferdige med snøhola, og me rigga oss til med liggjeunderlag og soveposar før me byrja på middagen.
Før me skulle leggje oss tok me med oss eit par spadar inn i hola, i tilfelle inngangen skulle blese att. Sjølv om me låg trangt, sov eg veldig godt og eg fraus ikkje eit sekund.
På grunn av den hardpakka snøen og ein god konstruksjon av hola, slapp me både drypping frå taket og at taket sank.
Dette var første gong eg sov i snøhole, og eg hadde ei veldig god oppleving. Var veldig tungt å grave, men då snøhola stod ferdig var det verdt alt slitet. Sidan ingen av oss på gruppa hadde laga snøhole, var det veldig spennande og lærerikt å gjennomføre den prosessen. Viss det var noko eg ville gjot annleis må det vere å forberede meg litt betre på korleis snøhola skulle lagast i forkant. Sjølv om me hadde fått litt instruksar på skulen, merka eg at eg visste svært lite om korleis eg skulle gå fram, spesielt i byrjinga.
Alt i alt synes eg det var ein veldig kjekk tur, eg lærde mykje nytt, og det frista absolutt til gjentaking.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar