Totalt antall sidevisninger

Totalt antall sidevisninger

onsdag 6. mai 2015

KANOTUR, UTSTYR OG KAMERATREDNING


Mandag 13.04 reiste me for å teste ut kanoane. Mange av oss hadde aldri padla i kano før, noko som gjorde at me måtte ta ekstra hensyn til risiko. Me steig ombord i kanoen på brygga på Helgheim, her var det djupt og me kunne leggje kanoen langsmed brygga. Me lyfta først bagasjen oppi, før me satt oss ein og ein nedi.

Når ein padlar i kano er det som sagt ein viss risiko. I elv og straum er det fort gjort å slå seg mot ein stein eller velte. Men også på flatt vatn kan ting skje. Dette var noko me merka veldig godt på turen vår. Då me starta var det mykje vind og kanoen var veldig ustabil. I tillegg var det svært få av oss som visste korleis me skulle reagere, noko som resulterte i litt "panikk" blant nokon. I tilfelle noko skulle skje er det derfor viktig å halde oss så nærme land som mogleg. Sidan me reiste ei stor gruppe på tur, var det ekstra viktig at me heldt oss samla, og i tillegg til å halde oss nær land avtalte me ulike stoppunkt undervegs
Det er også viktig å halde seg nær land for å unngå vind og bølgjer. På den andre sida kan navigeringa bli vanskelegare, og ein blir meir avhengig av kompasset.


Når ein ferdast på vatnet er det spesielt viktig at alle har på seg redningsvest/flytevest! Når ein er på vatnet kan det fort skje ulykker som kan føre til både drukning og nedkjøling. I tillegg når ein er på tur med ei stor gruppe er det viktig at ein held seg samla, og at kvar kano har ein kameratbåt, i tilfelle ein skulle vere uheldig å velte. Kameratkanoane må heile tida halde seg nærme kvarandre, slik at ein lett kan kome til å hjelpe. På denne turen var eg og Rebekka kameratkano med Synnøve og Ingvild. Heldigvis slapp me å bli blaute denne gongen, men det er absolutt viktig å vite kva du skal gjere, viss det skulle skje noko.

Tysdag 05.05 øvde derfor eg, Rebekka og Ingvild på kameratredning i symjehallen, noko som var veldig nyttig. Den eine velta i kanoen, medan dei to andre skulle hjelpe til å få snudd kanoen. Det første ein må gjere er å tømme kanoen for vatn. Den som hadde velta la seg på bakenden av den velta kanoen slik at dei to andre kunne legge kanoen på tvers av kameratkanoen. Så snudde me kanoen og la den langsmed den andre kanoen. Alle fekk prøve alle oppgåver, og det heile gjekk overraskande bra. Me prøvde jo dette i bassenget, og det vil jo kome fleire utfordringar, som straumar og vind når me padlar i vatnet. Men no er me vertfall forberedt på kva me skal gjere, om noko oppstår.


Skulle ein eventuell velt skje er det viktig at utstyr som ikkje tåler vatn, pakkast 100% vasstett, og at det ikkje ligg lause ting i kanoen. Når ein skal kle seg er det lurt å ha på seg ullklede. I tilfelle ein skulle vere uheldig å velte, reduserar ullkleda varmetapet og held det kalde vatnet ute. Det er óg lurt å ha med seg eit ekstra klesskift.


Kjelder:
- Friluftsliv, Ivar Mytting og Annette Bischoff
- http://www.midt-agderfriluft.no/attach?page=Filer%2FMAF+-+Kano+Temahefte.pdf
- Bilder, google


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar