Totalt antall sidevisninger

Totalt antall sidevisninger

tirsdag 17. februar 2015

SKITUR 10.02


Tysdag 10.02 var det klart for den første skituren med klassen. Klokka 12 reiste me frå skulen og 12.45 var alle klare med ski på beina. Målet for turen var å teste utstyret vårt og å lære meir om korleis me skal bevege oss i vinterfjellet. Eg merka spesielt godt at det var stor forskjell og vanskelegare å lese kart i vinterfjellet, enn kva det er til vanleg. Men det gjorde at eg lærte veldig mykje om dette, på denne turen. Me gjorde eit godt forarbeid dagen før, der me lagde ein plan A, plan B og ein kriseplan. 
Plan A var å gå mot Reipa og å følge Skavassgrovi oppover mot Skavasshaugane, for så å returnere same veg. Plan B var å gå mot Reipa, følge stien opp mot Rysete og eventuelt opp mot Skavasshaugane. Me følgde ikkje Plan A heilt. I staden for å ta av ved Reipa, tok me av lenger opp mot Rysete og gjekk derifrå opp mot Skavasshaugane. Grunnen til dette var blant anna at me såg ein skavl og ville ta teorien me hadde hatt veka før ut i praksis.

Ruta me gjekk. 

Det å finne gode haldepunkt er viktig for å kunne navigere i vinterfjellet. Nokre av haldepunkta me brukte på denne turen var hyttene i Stedjekammen, Kambagrovi og bekken som «renn» forbi skiløypa. Eg og Rikke skulle «guide» klassen frå «Rødekorskassen» og opp mot Rysete. Me var ganske usikre på kor me skulle ta av, men me tok nokre ekstra høgdemeter i løypa før me tok av og følgde ryggen opp mot Skavasshaugane. Her fekk me ein liten påminning om skredfarar og terrengfeller. Me såg blant anna ein skavl, og såg på korleis denne hadde blitt danna (T.d.: vindretning) I tillegg såg me litt på skredfarer og korleis dette kan oppstå. Er det brattare enn 30 grader og henget er høgare enn 5 hm er det viktig å halde seg 3 gonger så langt vekke som henget er over 30 grader. Eg merka at det var ekstra viktig å tenkje på dette når me var så mange i lag og veret ikkje var spesielt bra. Då er det fort at me berre vil kome oss fortast mogleg fram, utan å tenkje over dei farane som faktisk kan oppstå.

I følgje Mytting og Bischoff (Friluftsliv, 2008)  må du vere så langt vekke for å vere sikker på at skredet ikkje kan nå deg. 

Me fortsette turen vidare til Skavasshaugane, men på grunn av dårleg utstyr måtte Kristina snu med Vegard, og Torgeir måtte skru opp tempoet i front for at me skulle rekke nedatt til bussen. Me var ikkje heilt oppe på Skavasshaugane, men tok av mot aust og runda nedatt ved Skavassgrovi. Sjølvom det blei ein del knall og fall på vegen nedatt heldt me oss samla, og alle kom like heile nedatt til bussen 14.45! Ein tur med mykje lærdom og fine turopplevelsar. Noko positivt eg skal ta med meg til neste skitur er å ha med seg ekstraklede, spesielt vottar. Eg blei fort våt og kald på hendene, då var det godt å ha ekstra vottar i sekken. Då me såg på vêrmeldinga dagen før, melde det sol m/sky og lett bris. Dette var ikkje det som møtte oss, og viser derfor kor viktig det er å ha med seg nok med klede, uansett kva vêrmeldinga melder.

Gledar meg til neste tur, då eg kan enda meir om korleis eg skal bevege meg og lese kart i vinterfjellet!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar