Totalt antall sidevisninger

Totalt antall sidevisninger

torsdag 8. januar 2015

FORNUFTIG MAT PÅ TUR

Når ein er på tur er det viktig å ha med seg nok tilførsel av "drivstoff". Dess meir aktivitet og muskelarbeid me driv med, dess meir energi treng me. I tillegg er det viktig med nok væske når ein skal vere i aktivitet, spesielt over lengre tid. Når ein er i aktivitet over lengre tid, for eksempel på ein turdag der aktivitetsnivået er ganske så høgt, blir glykogenlagra etterkvart tømde. Då blir me slappare, trøyttare, får problem med koordinasjonen osv.
Når me er på tur er det viktig å ete karbohydrat som blir sakte omsett, slik at glykogenlagra blir skikkeleg oppfylte igjen. Det største måltidet bør og kome på kvelden, på lik linje med den proteinrike maten. Grunnen til dette er at søvnen og restitusjonsfasen sikrar betre opptak og utnytting av proteina i kosten (ost, kjøt fisk osv.)
Om vinteren er ein ofte på tur i kalde omgivnader, og varm mat er då viktig for å halde varmen og for å få ein bra turoppleving. Dette var noko eg sjølv merka godt då me var på telttur til Nuken seint i haust. Klarar ein å halde varmen gjennom aktivitet, eit bål eller ein kopp med varm kakao blir turopplevinga mykje betre og kjekkare.

På tur er det viktig at det meste er praktisk, dette gjeld óg maten. Men maten er sjølvsagt avhengig av kva type tur me skal på, lengda på turen og kva årstid det er. Er det varmt ute er det viktig å tenkje på at maten må halde seg, medan er det kaldt må me tenkje på at maten frys.
I dag finns det eit stort utval av turmatprodukt me kan få kjøpt på butikken. Sjølvom dette ofte er veldig enkelt og praktisk, er det ikkje alltid det beste alternativet. Me kan for eksempel tørke mat sjøl. Dei fleste kjøt, grønnsaker, sopp, urter, frukt og bær eignar seg til dette.
Når det gjeld turmat, er årstid ein viktig faktor. Maten me skal ha med oss på turar i vinterfjellet skal oppfylle fleire krav: han må gi varme, ikkje fryse, vere lett, fylle lite og gi mykje energi.

Som sagt så er turmaten avhengig av kva type tur me skal på, og skal ein på overnattingsturar må ein planleggje mat til både frukost, lunsj, middag og kvelds avhengig av kor mange dagar turen er på. Til frukost kan havregraut eller frukostblanding vere eit godt alternativ. Til dette er det godt å ha noko varmt å drikke.

Oppskrift havregryn (8 pers) 

  • 4 store koppar havregryn 
  • 8 store koppar vatn (litt salt)
  • kok opp havregryn og vatn og la det koke i 2-4 min. 
  • smak til grauten med litt salt 
  • Variasjon: tørka frukt, nøtter, solsikkekjerner, smør, sukker osv. 

Til lunsj kan du til korte turar på våren, sommaren og hausten ha med deg vanleg brødmat. Medan på seinhausten og vinteren må du ha med deg noko som ikkje frys. "Rett-i-koppen-posar" kombinert med knekkebrød kan vere eit godt alternativ her.

Middagaen er det viktigaste måltidet, og her er det viktig å ha med seg varm mat. Det er óg viktig at det er nok vomfyll, som ris, pasta, makaroni eller potetmos. Det er i tillegg vanskeleg å få i seg nok med væske, så middagen bør innehalde rikeleg med væske.

Bål kan vere både ein sosial og smart ting å lage når ein er på tur. Elden gir lys, varme og kan i tillegg brukast til matlaging. Du kan grille pølser, ostesmørbrød eller pinnebrød. Det einaste du treng er ein pinne eller eit grillspyd. Skal du for eksempel lage middag på bålet (kjøt eller fisk) kan det vere lurt å lage ei grillrist. Glørne i bålet kan brukast til å bake poteter, fisk, banan osv. På bålet kan du óg steikje på helle. Hella fungerer som ei steikjepanne, og du kan steikje alt frå egg til pizza og flatbrød.




I dag er stormkjøkken noko mange har med seg, Dette er eit godt alternativ når du skal lage varm mat på tur. Pannekaker for eksempel er enkel turmat som krev lite utstyr i sekken. Det kan nyttast til både frukost, lunsj, middag eller kvelds. Ein lagar pannekakerøra før ein reiser og heller ho oppi ei flaske. Det einaste ein treng å ha med er litt smør til steiking, steikespade og eventuelt noko tilbehør (syltetøy, bacon osv). Det einaste negative med å ha med seg pannekakerøre er at ho er tung, og det blir tyngre å bære. Dette var vertfall noko eg sjølv merka når me hadde med oss pannekakerøre på turen vår til Fjærlandssete.

Oppskrift pannekaker (stormkjøkken)
  • 6 egg 
  • 5 dl mjøl
  • 1 ts salt 
  • 7 dl mjølk
  • 50 g smelta smør
  • (sukker) 
































mandag 5. januar 2015

BÅL 05.01.15

Mandag reiste me ut bak skulen for å brenne bål. Me blei delt inn i fire grupper der alle skulle lage eit bål. Gruppa mi (Anja, Oda & Jonas) kom fort i gang og hadde eit bra samarbeid. Me byrja me å grave eit "hol" i snøen, men på grunn av hard breggrunn fekk me ikkje tatt av noke torv me kunne brukt til å dekkkje bålet med. Eg har ikkje vore med å laga bål på nokon av dei forrige turane våre, så det var veldig lærerikt. Først la me nokre runde vedkubbar nederst, før me bygde på oppover. Me avslutta med å lage eit slags "hus" der me la torv inni. Bålet var stabilt og hadde eit veldig godt grunnlag. Bålet vårt brann godt, og eg og Anja hadde begge ostesmørbrød som me grilla på bålet. Skiva mi blei litt brent, men hadde eg venta til flammane hadde blitt litt mindre hadde det sikkert blitt betre. Det er noko eg skal hugse til neste gong. For meg som ikkje har vore med å laga bål før, var dette veldig lærerikt. Eg lærde korleis ein skal byggje opp eit bål, og korleis vedkubbar om eigna seg best. Noko som og var veldig smart var det lille "huset" med torv på toppen av bålet.  Då all veden hadde brent opp sløkte me bålet med snø, og prøvde å dekkje det så godt som mogleg.
Alt i alt to veldig lærerike timar!




Grilla ostesmørbrød :)