Totalt antall sidevisninger

Totalt antall sidevisninger

tirsdag 30. september 2014

BÅLBRENNING 29.09.14


Mandag 29.09 reiste me opp til Gammen på Rutlin for å lære meir om bål og bålbrenning. Då me kom opp var det to studentar som hadde laga ferdig eit bål til oss. Me fekk utdelt nokre ulike oppgåver. Nokon skulle samle never, mens eg, Rebekka og Stine fekk i oppgåve å lage ein "trefot". Dette var veldig spennande og lærerikt. Me skulle finne tre ganske kraftige pinnar på ca. 1,5 meter, før me skulle bitte dei saman med ein 8-talls "knute". Me brukte enda ein tråd til å feste panna i.

Dette er ein "trefot", som er veldig nyttig for at panna for eksempel ikkje skal velte på bålet. 

Deretter satt me oss rundt bålet og åt maten vår. Nokre grilla pølser, noken laga toast og i tillegg hadde me varma eple og kanel. Til slutt lærde me litt om ulike typar bål og ulike vedtypar. Bjørk for eksempel er veldig tettpakka og brenn derfor lenge. Bøk og Eik er dei vedtypane som gir mest varme. Når det gjeld matlaging bør du ha eit bål med jamn varme overalt. Skal du ha eit bål der du skal bake eller grille på bør du ha eit bål med glør.

Det finns mange ulike typar bål, men me lærte om vinterbålet. Vinterbålet skal vere veldig tettpakka, slik at det varer lenge. Det er oppbygd på ein spesiell måte med tjukke, rå stokkar i botnen. Over den tjukke veden finn me litt tynnare og tørrare ved som igjen er toppa med nøreved (tynne, tørre kvistar og tørr flis). På toppen av bålet skal det leggast spon flis av tørr ved, tørt granris og bjørkenever. Når me får eld i vinterbålet brenn det nedover, noko som gjer at det alltid har tilgang på oksygen.

Dette er eit vinterbål. 

fredag 19. september 2014

MANNSVERK - FJÆRLANDSSETET - KOLLSETE


Turoppsummering

Måndag 15.09 møtte me opp på Kvåle for å fordele felles utstyr som stormkjøkken, telt og raudsprit, før me tok bussen vidare til Øvstedalen og Mannsverk. Her hadde me ei lita samling, der me fekk litt informasjon om vegen vidare og korleis dagen ville blir. Gruppa mi hadde fått i oppgåve å leie gruppa den første biten opp til Furusete. Me fann kompasskursen, såg litt på kartet og kor det var best å gå, før me sette i gang. I byrjinga følgde me ein traktor veg før me kom til ein sti. Me følgde stien heilt til me kom til eit stikryss. Etter litt diskusjon fann me ut at me tok stien til venstre, fordi stien mot Svartavatnet stoppa etter eit lite stykke. Heretter var det fin sti som me følgde heile vegen mot Furusete. På Furusete tok me ein times matpause før neste gruppe skulle leie oss til Fjærlandssetet. Her var det fin sti heile vegen, og på grunn av eit ganske høgt tempo i front kom me oss fort fram til Fjærlandssetet. Me fann ein fin leirplass nede ved vatnet og slo opp telta våre der. Eg har aldri slått opp eit telt før, men med eit godt samarbeid på gruppa gjekk dette fint. Deretter fekk me litt fritid før me byrja på middagen i 16-tida. Gruppa mi valde å lage taco, der alle hadde med seg noko. Stormkjøkken er noko eg ikkje har erfaring med frå før, så det var veldig moro å prøve ut. Etter middagen var det tid for litt orientering og ein quiz om kart- og kompass kunnskapar, noko som var veldig moro og lærerikt.
Utpå kvelden begynte det å bli litt kaldt, så eg, Synnøve, Ingvild, Sanna, Stine, Rebekka og Victoria tok med oss soveposar, litt godis, og ein kortstokk og la oss opp på ein kolle litt forbi leirplassen. Det var heilt stjerneklårt denne kvelden så me låg å såg på stjernene, i tillegg var me utan mobilar noko som var utruleg befriande. Litt seinare satt me oss rundt bålet med dei andre før me gjekk å la oss.
Tysdag 16.09 stod me opp etter avtalt tid klokka 08.00 og laga oss frukost på stormkjøkkenet. Mens jentene på gruppa (meg, Ingvild og Synnøve) steikte pannekaker og bacon, tok Jonas ned teltet.
Klokka 10 begynte me på turen ned igjen mot Kollsetestølen. På det første vatnet me kom til valde me å gå på venstre sida av vatnet, under Helleberget, fordi me fann ut at det vart kortare og me trengde ikkje å gå like mange høgdemeter. Me tok ein matpause like ved Fagreggji, før me gjekk ned til Kollsetestølen. Me valde litt feil sti, så me gjekk på frifot siste biten ned til stølen. Frå Kollsetestølen gjekk med på grusvegen ned til busstoppen på Kollsete.
Ein sliten gjeng kom tilbake til skulen i 14.30 – tida, der me vaska stormkjøkkena og hang opp telta til tørk.

Her er ruta der gruppa mi, leia resten av klasssen. 
Gruppa mi klar til taco, mandag ettermiddag.

Godt fornøgde etter å ha sett opp vårt første telt nokon sinne!


Ting som kan gjerast annleis
Viss det var noko eg ville gjort annleis på turen var det å lage ein litt enklare frukost enn pannekaker. Eg hadde med ein 1,5 liters flaske med pannekakerøre i sekken noko som var veldig tungt å dra med seg. I tillegg var det ei veldig tynn røre, noko som gjorde det vanskeleg å steike på stormkjøkkenet. Sekken var veldig tung frå før, så det er viktig og ikkje ta med seg unødvendige ting. Det er noko eg skal tenke på til neste gong.


Å lage pannekaker på stormkjøkken var "lettare sagt enn gjort"

Positiv ting eg vil fortsette med
Noko eg var veldig fornøgd med på turen var val av klede og sko. Eg hadde med meg akkurat nok med skiftekle og varme kle. Det var spesielt godt å ha ein tynn dunjakke å ha på seg på kvelden når det var kaldt. Sjølvom det var veldig varmt på dagen, så blei det veldig mykje kaldare utpå kvelden og på natta. Då var det godt å ha ullklede, turre og varme sokkar og ei varm hue.

Noko eg lærde

I løpet av denne turen har eg lært utruleg mykje om kart og kompass. Eg har lært å ta ut ein kompass kurs og i tillegg har eg lært mykje om ledelinjer og korleis ein kan bruke dei til å orientere seg i terrenget. Eg merka spesielt at det var mykje kjekkare å gå når eg kunne sjå på kartet kor me var, og i tillegg bruke kompasset til å ta ut kompasskurs. Det at ein legg på 20 min for kvar 100 høgdemeter var òg noko eg lærde på turen. 






















Alt i alt ein veldig fin tur, der eg lærte mykje og fekk mange fine turopplevingar :)